Andre Mosebok 14:24
So hende det fyrstundes i otta at Herren såg ned på egyptarheren frå eld- og skystopulen og forvilla egyptarheren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:19Og Guds engel, som gjekk fyre Israels-heren, tukka seg og steig attum deim: skystopulen, som var framanfor deim, flutte seg og vart standande attanfor,
1 Samuel 11:11Morgonen etter skifte Saul folket i tri flokkar. Og dei braut seg inn i lægret fyrstundes i otta, og hogg ned ammonitarne frå morgonen til høgstedags leite. Dei som slapp undan, vart spreidde til alle kantar, so det vart ikkje att tvo i lag.
Job 23:15Eg difor ræddast for hans åsyn, når eg det minnest, skjelv eg for han.
Job 34:29Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen,
Psalms 18:13Frå glansen for hans andlit for hans skyer fram, hagl og gloande kol.
Psalms 77:16Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. Sela