Andre Mosebok 14:3
Då kjem Farao til å segja um Israels-folket: «Dei hev kome på villstig, og finn ikkje ut or heidi att.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 31:21Når då mange ulukkor møter deim, og dei kjem i stor vande og naud, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymd hjå deim som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført deim inn i det landet eg lova deim.»
1 Samuel 23:7Saul fekk vita at David var komen til Ke’ila. Då sagde Saul: «Gud hev gjeve honom i mi magt, sidan han hev stengt seg inne i ein by med portar og slåer.»
Psalms 3:2Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.
Psalms 139:2Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg.
Jeremiah 20:10For eg høyrde mange baktala - rædsla rundt i kring: «Klaga honom, lat oss ganga og klaga honom!» Alle dei menner eg livde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla: «Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på honom og hemna oss på honom.»
Ezekiel 38:17So segjer Herren, Herren: Er det du som eg tala um i forne dagar gjenom mine tenarar, profetarne i Israel, som spådde i dei dagarne, år for år, at eg vilde lata deg koma yver deim?