Andre Mosebok 15:16
Rædsla kjem på deim og rygd; når dei augnar din velduge arm, då tegjer dei stilt som ein stein, medan folket ditt, Herre, fer fram, med det folket fer fram som du vann deg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Edom-jarlarne ottast for ilt, Moabs-hovdingarn’ støkk so dei skjelv, alle Kana’an-buarne kolnar.
Cross References
Exodus 6:7eg vil gjera dykk til mitt folk, og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren, dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket.
Exodus 19:5Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi.
Exodus 23:27Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendarne dine syner deg ryggen.
Deuteronomy 11:25Ingen skal kunna standa seg imot deg; otte for deg og rædsla skal koma yver kvart land du stig på med foten din, soleis som Herren hev sagt deg.
Deuteronomy 32:9For Herrens folk er hans odel, Jakob er hans eiga og arv.
1 Samuel 2:9Han held vakt og hegnar vegen åt dei gudlege, men gudlaust folk forferst i myrkret; for aldri mannen vinn med eigi magt.