Andre Mosebok 17:14
Og Herren sagde til Moses: «Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen at eg vil rydja ut av jordi alt som ber Amalek-namnet.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Josva hogg ned Amalek-kongen og folket hans med kvasse sverdet.
15Då bygde Moses eit altar og kalla det: «Herren er hermerket mitt»,
Cross References
Exodus 12:14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.
Exodus 24:4So skreiv Moses upp alle Guds bod, og morgonen etter reis han upp i otta, og bygde eit altar innunder fjellet, og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ætterne.
Numbers 24:20So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.»
Deuteronomy 25:17Kom i hug korleis amalekitarne for åt med dykk då de var på ferdi frå Egyptarland,
Deuteronomy 31:9So skreiv Moses upp denne lovi, og gav henne til prestarne, Levi-sønerne, dei som bar Herrens sambandskista, og til alle styresmennerne i Israel,
1 Samuel 15:2So hev Herren, allhers drott, sagt: «Eg vil hemna det Amalek gjorde mot Israel med di han lagde seg i vegen for deim då dei drog upp frå Egyptarland.