Andre Mosebok 19:11
Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinaifjellet for augo åt alt folket.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Exodus 19:18Og heile Sinai stod i ein røyk, av di at Herren for ned på nuten i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv.
Exodus 24:16Herlegdomen åt Herren heldt seg på Sinai, men skyi gøymde nuten i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren til Moses utor skyi.
Exodus 34:5Då steig Herren ned i skyi, og Moses gjekk innåt, og ropa Herren på namn.
Deuteronomy 4:10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
Psalms 18:9Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom.