Andre Mosebok 19:16
So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Og han sagde til deim: «Tridje dagen lyt de halda dykk reiduge! Kom ikkje nær kvende!»
17Men Moses førde folket ut or lægret, til møtes med Gud, og dei vart standane innunder fjellet.
Cross References
Exodus 9:28Bed til Herren at det må hava ein ende med toreslåtten og haglet, so skal eg lata dykk fara, og de tarv ikkje bia lenger.»
Exodus 20:18Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingarne og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei, og heldt seg langt undan.
Exodus 40:34Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.
1 Samuel 12:17No er det tidi for kveiteskurden, veit det. Men eg vil ropa til Herren, at han sender tora og regn. Soleis skal de skyna og sjå kor stor ei synd det er i Herrens augo, det de gjorde då de kravde ein konge.»
Job 37:1For dette bivrar hjarta mitt og lyfter seg frå staden sin.
Psalms 18:11Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.