Andre Mosebok 2:20
Då sagde Re’uel med døtterne sine: «Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed honom inn, so han kann få seg mat!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.
Cross References
Genesis 18:5So skal eg finna ein bite mat, som de kann styrkja dykk med, fyrr de fer lenger, sidan det høver seg so at de legg vegen um tenaren dykkar.» Og dei sagde: «Ja, gjer som du segjer!»
Genesis 24:31Då sagde han: «Kom inn, du som Herren hev velsigna so rikleg! Kvi stend du her ute? Og eg hev skipa i huset og stelt til rom åt kamelarne!»
Genesis 31:54Og Jakob ofra eit slagtoffer på fjellet, og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med honom, og var på fjellet um natti.
Job 31:32- Eg let’kje framand natta ute; for ferdamann eg opna døri -
1 Timothy 5:10hev vitnemål for gode gjerningar, hev fostra upp born, hev vist gjestmilda, hev tvætta føterne til dei heilage, hev vore dei naudtrengde til hjelp, hev lagt vinn på all god gjerning.