Andre Mosebok 20:5
Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6men gjer vel imot tusund etter tusund av deim som elskar meg og held bodi mine.
Cross References
Exodus 34:6Då for Herren fram midt for augo hans og ropa: «Det er Herren! Herren er ein mild og kjærleg Gud, tolug og full av nåde og truskap!
Exodus 34:14Du skal ikkje beda til nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud.
Leviticus 26:1De skal ikkje gjera dykk avgudar, og ikkje reisa gudebilæte eller minnestolpar eller setja bilætsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for deim. Eg, Herren, er dykkar Gud.
Leviticus 26:39Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandi for broti som dei hev gjort, og for broti åt federne sine; dei skal folna burt liksom dei.
Numbers 14:33og sønerne dykkar skal gjæta i heiderne i fyrti år, og lida for utruskapen dykkar, til beini dykkar hev morkna i øydemarki.
Deuteronomy 4:24Herren, din Gud, er ein øydande eld, ein streng Gud.