Andre Mosebok 22:30
Det same skal du gjera med nauti dine og småfeet ditt; sju dagar skal frumsungen fylgja mor si; den åttande dagen skal du lata meg få honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 13:12då skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det fyrste som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, det skal høyra Herren til.
Leviticus 7:24Feittet av sjølvdaude dyr og av dyr som er rivne i hel, kann de nytta til ymse ting, men eta det må de ikkje.
Leviticus 11:44Eg, Herren, er dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje sulka dykk sjølve med noko av det kreket som krabbar på marki.
Leviticus 12:3Den åttande dagen skal huveholdet umskjerast på sonen.
Leviticus 22:8Det som er sjølvdaudt eller ihelrive, må han ikkje eta; då vert han urein. Kom i hug: eg er Herren!
Deuteronomy 14:21De må ikkje eta noko som er sjølvdaudt! Du kann gjeva det til dei framande som bur millom dykk, so dei kann eta det, eller og kann du selja det til utlendingar; for du er eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda eit kid i mjølki åt mor si.