Andre Mosebok 27:21
I møtetjeldet, utanfor tæpet som heng attfor lovtavlorne, skal Aron og sønerne hans stella lamporne, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-folket, ætt etter ætt, i all æva.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 1:5Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
Exodus 12:14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.
Exodus 25:16I den kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.
Exodus 26:31So skal du gjera eit forheng av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte skal vera innvovne i det.
Exodus 29:9og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.
Exodus 29:42Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn i døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til deg.