Andre Mosebok 28:30
Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron, kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
31Prestekjolen, som er til å bera under messehakelen, skal du gjera av purpur all igjenom.
Cross References
Numbers 27:21Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.»
Judges 1:1Då Josva var avliden, spurde Israels-sønerne Herren: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?»
Judges 20:23[Stu21: 22] Israels-sønerne gjekk upp, og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds, og dei spurde Herren: «Skal me ganga fram att og strida mot Benjamin, bror vår?» «Far imot honom!» svara Herren.
1 Samuel 23:9Då no David fekk vita at Saul lagde meinråder mot honom, sagde han til presten Abjatar: «Ber hit messehakelen!»
1 Samuel 30:7David baud presten Abjatar Ahimeleksson: «Kom hit med messehakelen!» Abjatar kom fram til David med messehakelen.
Nehemiah 7:65Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest med urim og tummim.