Andre Mosebok 28:41
Med dette skal du klæda Aron, bror din, og sønerne hans, og so skal du salva deim og setja deim inn i embættet og vigja deim til prestar for meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 28:4Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønerne hans, so han kann vera presten min,
Exodus 29:9og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.
Exodus 29:35Soleis er det du skal gjera med Aron og sønerne hans; du skal i alle måtar gjera som eg segjer deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara,
Exodus 30:25Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddemyrsel, soleis som dokterane lagar salve. Ein heilag salvingsolje skal det vera,
Exodus 30:35Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som apotekarane lagar, salta, rein, vigsla.
Leviticus 8:1Og Herren tala atter til Moses, og sagde: