Andre Mosebok 28:43
Og Aron og sønerne hans skal hava deim på seg, når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og held gudstenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans i all æva.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 27:21I møtetjeldet, utanfor tæpet som heng attfor lovtavlorne, skal Aron og sønerne hans stella lamporne, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-folket, ætt etter ætt, i all æva.
Leviticus 3:17Ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim, at de aldri må eta feitt og blod.»»
Leviticus 5:17Når nokon syndar og gjer noko av det som Herren hev forbode å gjera, og han ikkje veit av det, men skynar at han hev fare i mist og ført skuld yver seg,
Leviticus 20:19Du skal ikkje søkja seng med morsyster eller farsyster di; den som det gjer, skjemmer si eigi ætt: dei lyt lida for brotet sitt.
Leviticus 22:15De må ikkje vanhelga dei heilage gåvorne frå Israels-folket - det som dei vigjer åt Herren -
Numbers 15:15Det gjeld same retten for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som bur i landet dykkar; det er ei lov som skal gjelda for alle tider at dei framande skal vera som de sjølve for Herrens åsyn.