Andre Mosebok 29:33
Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert innsette i embættet og vigde til prestar. Men framande folk må ikkje eta av det; for det er heilagt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
32Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønerne hans eta i døri til møtetjeldet.
Cross References
Leviticus 10:13De skal eta det på ein heilag stad; det er det som du og sønerne dine hev rett til av offergåvorne åt Herren; for so hev Herren sagt med meg.
Leviticus 22:10Ingen framand må eta av det som heilagt er. Ingen som er busete eller leigekar hjå ein prest, må smaka på dei vigde rettarne.
Numbers 1:51Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.
Numbers 3:38Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet.
Numbers 16:40so Israels-borni skulde koma i hug at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, må ganga fram og brenna røykjelse for Herrens åsyn; elles kjem han til å fara same ferdi som Korah og hans flokk.
Numbers 18:7Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»