Andre Mosebok 3:1
Moses han gjætte no buskapen åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. So var det ein gong han for langt atti heidi med fenaden, då kom han til Gudsfjellet, til Horeb.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 2:16Presten i Midjan hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn, og fyllte trørne, og vilde brynna småfeet åt far sin.
Exodus 2:21Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.
Exodus 4:18So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sagde han med honom: «Kjære deg, lat meg fara attende til skyldfolket mitt i Egyptarland, og sjå um dei liver endå.» Og Jetro svara: «Far i fred!»
Exodus 17:6Du skal få sjå meg standa midt for augo dine uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka.» Moses gjorde som Herren sagde, so dei øvste i Israel såg på det.
Exodus 18:5og no kom dei, både Jetro, verfar åt Moses, og sønerne og kona hans, til Moses i øydemarki, der han hadde lægret sitt, innmed Gudsfjellet.
Exodus 19:3So steig Moses upp til Gud, og Herren ropa til honom frå fjellet og sagde: «Dette skal du segja til Jakobs-ætti og gjera kunnigt for Israels-folket: