Andre Mosebok 3:6
Og han sagde: «Eg er far din’s Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andlitet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Då sagde han: «Kom ikkje næmare! Hav av deg skorne! For staden du stend på, er heilag jord.»
Cross References
Genesis 12:1Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg.
Genesis 17:3Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med honom, og sagde:
Genesis 26:24Og same natti synte Herren seg for honom, og sagde: «Eg er Gud åt Abraham, far din. Ver ikkje rædd, eg er med deg; eg skal velsigna deg og lata ætti di aukast for Abraham skuld, han som var tenaren min.»
Genesis 28:17So kom det ein otte yver honom, og han sagde: «Kor ageleg han er, denne staden! Dette må vera Guds hus, og her er porten til himmelen.»
Genesis 32:9Og Jakob sagde: «Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sagde til meg: «Far attende til landet ditt og fødesheimen din, og eg skal gjera vel imot deg» -
Exodus 3:15Og endå sagde Gud det til Moses: «So skal du segja til Israels-borni: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.»