Andre Mosebok 31:6
Og til hjelpesmann hev eg gjeve honom Åhåliab, son åt Akhisamak av Dans-ætti, og i alle hage menner hev eg lagt kunstnargåva, so dei kann laga alt det eg hev sagt deg:
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 6:26Desse mennerne, Aron og Moses, var det Herren sagde det til: «Før Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking!»
Exodus 35:4Og endå sagde Moses med heile Israels-lyden: «Høyr no kva Herren segjer og vil:
Exodus 35:25Kvar ei kona som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender, og kom med spunen: purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.
Exodus 36:8So tok då alle dei hagaste handverkararne til å arbeida på gudshuset. Dei gjorde det av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim var det innvove fagre englebilæte.
Exodus 38:23og i lag med honom Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti, ein meister til å smida og snikra og veva åklæde med bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn -:
1 Kings 3:12so vil eg gjera som du ynskjer: eg gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det hev ikkje vore din like, og skal ikkje heller verta sidan.