Andre Mosebok 32:1
Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, so flokka dei seg um Aron, og sagde med han: «Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som fylgde oss ut or Egyptarland.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 19:14Då gjekk Lot ut og tala til mågarne sine, deim som skulde hava døtterne hans, og sagde: «Upp, og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen.» Men mågarne hans tenkte at han berre vilde narra deim.
Genesis 39:8Men han bar seg undan, og sagde med kona åt husbonden sin: «Sjå, husbonden min ser ikkje etter med meg i nokon ting i heile huset; alt han eig, hev han lagt i mine hender.
Genesis 44:15Og Josef sagde med deim: «Kva er det de hev gjort no? Veit de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult?»
Exodus 14:11Og dei sagde med Moses: «Fanst det då ikkje graver i Egyptarland, med di du laut hava oss hit og lata oss døy i villmarki? Kvi gjorde du oss dette og lokka oss burt frå Egyptarland?
Exodus 20:3Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!
Exodus 24:18So gjekk Moses inn i skyi, og steig upp på nuten. Og Moses var på fjellet i fyrti dagar og fyrti næter.