Andre Mosebok 32:5
Då Aron såg det, bygde han eit altar for honom, og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 12:14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.
Exodus 32:4Og Aron tok imot gullet, og støypte det um, og laga det med beitelen, so det vart som ein kalv. Då ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som fylgde deg ut or Egyptarland!»
Leviticus 23:4Herrens høgtider, dei heilage møti som de skal kalla i hop, kvart på si visse tid, det er desse:
Leviticus 23:37Dette er dei høgtiderne då de skal kalla folket i hop til heilagt møte og bera fram offer for Herren: brennoffer og grjonoffer, slagtoffer og drykkoffer, kvart til si tid,
1 Kings 12:32Og Jerobeam skipa til ei høgtid i den åttande månaden, på den femtande dagen i månaden, i likskap med høgtidi i Juda, og han ofra på altaret. So gjorde han i Betel, med di han ofra til kalvarne som han hadde laga, og dei som han hadde sett til offerhaug-prestar, let han gjera tenesta i Betel.
2 Kings 10:20Jehu baud: «Lys ut ei stor samlingshøgtid for Ba’al!» Dei lyste henne ut.