Andre Mosebok 33:11
Og Herren tala med Moses, andlit mot andlit, som ein mann talar med grannen sin. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men Josva, Nunssonen, som var fylgjesveinen hans og gjekk honom til handa, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 17:9Då sagde Moses til Josva: «Vel oss ut nokre menner, og tak ut og haldt slag med Amalek-heren, so skal eg i morgon standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.»
Exodus 32:17Då Josva høyrde omen av folket som stima og ståka, so sagde han med Moses: «Eg høyrer stridsljod i lægret.»
Numbers 12:7Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; honom lit eg so på, at eg hev sett honom yver heile mitt hus.
Deuteronomy 5:4Åsyn mot åsyn tala Herren med dykk på fjellet midt utor elden.
Deuteronomy 34:10Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlit til andlit.
Job 16:21Han døme millom Gud og mann og millom mannen og hans ven.