Andre Mosebok 33:12
Og Moses sagde til Herren: «Sjå, du segjer det til meg; «Fylg dette folket fram!» men eg fær ikkje vita kven du vil senda med meg, og du hev då sjølv sagt: «Eg kjenner deg vel, og eg hev fenge godvilje for deg.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 18:19For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.»
Exodus 3:10Gakk no du til Farao med bod frå meg, og før folket mitt, Israels-borni, ut or Egyptarland!»
Exodus 33:1Sidan sagde Herren til Moses: «Tak ut herifrå, både du og det folket du fylgde ut or Egyptarland, og far til det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sagde: «Di ætt vil eg gjeva det,
Exodus 34:9«Å Herre,» sagde han, «hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! Um dette er eit hardkyndt folk, so tilgjev broti og synderne våre, og lata oss vera din eigen lyd!»
Psalms 1:6For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.
Jeremiah 1:5Fyrr eg skapte deg i morsliv, kjende eg deg, og fyrr du kom ut or moderfang, helga eg deg; til profet åt folki sette eg deg.