Andre Mosebok 36:1
Og Besalel og Åhåliab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei veit korleis kvar ting skal gjerast, dei skal då laga til alt som skal arbeidast åt heilagdomen, etter det som Herren hev sagt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 23:21Tak deg i vare for honom, og lyd etter ordi hans! Set dykk ikkje upp imot honom! For han vil ikkje tola broti dykkar; i honom er eg sjølv.
Exodus 28:3Du skal tala med alle deim som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg, når han vert vigd til prest.
Exodus 31:11og salvingsoljen og den angande røykjelsen til heilagdomen. Dette skal dei i eitt og alt gjera so som eg hev sagt deg.»
Exodus 36:3Og dei fekk hjå Moses alt tilfanget til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, alle dei gåvorne som Israels-borni var kome med. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til honom kvar morgon.
Exodus 39:1Av purpuret og skarlaket og karmesinet gjorde dei embætsskrud til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædbunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
1 Chronicles 2:20Og Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.