Andre Mosebok 38:24
Alt gullet som vart bruka til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, heile gullmengdi som vart gjevi i offergåva, var ni og tjuge talentar og fem og fyrti merker og ti lodd, etter heilag vegt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 29:24Alt dette skal du leggja i henderne på Aron og sønerne hans, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
Exodus 30:24og kassia, tretti merker, alt etter heilag vegt, og so ein åttung av den finaste beroljen.
Leviticus 5:15«Er det nokon som uviljande eignar til seg noko av det som er vigt åt Herren, og soleis vert saka i svik, so skal han til bot for si skuld koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er verd minst tvo sylvdalar i heilag mynt; det skal vera skuldofferet hans.
Leviticus 27:25All verdsetjing skal vera i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.
Numbers 18:16Løysepengarne for borni skal leggjast etter dei hev fyllt ein månad, og svara til det verdet som sett er: fem sylvdalar i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.
1 Chronicles 29:2Men det meste eg hev kunna, hev eg, åt huset for min Gud, rådt meg gull til det som skal vera av gull, sylv til det som skal vera av sylv, kopar til det som skal vera av kopar, jarn til det som skal vera av jarn, og tre til det som skal vera av tre, dessutan sjohamsteinar og andre innfellingssteinar, svartblanke og brokute steinar, stutt sagt allskyns dyre steinar og marmorstein i mengd.