Andre Mosebok 4:23
Og eg sagde til deg: «Lat son min fara, so han kann tena meg!» Men du vilde ikkje lata honom fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønerne dine.»»»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22Då skal du segja med Farao: «So segjer Herren: «Israel er son min, den eldste av sønerne mine.
Cross References
Exodus 5:1Sidan gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Lat folket mitt fara, so dei kann halda høgtid for meg i øydemarki!»»
Exodus 8:16Då sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Rett ut staven din, og slå i dusti på jordi, so skal ho verta til my i heile Egyptarlandet.»»
Exodus 9:1Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
Exodus 10:3So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
Exodus 11:5Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.
Exodus 13:15For det gjekk slik til at då Farao gjorde seg hard og ikkje vilde lata oss fara, då slo Herren i hel alt som frumbore var i Egyptarland, både av folk og av fe. Difor ofrar eg til Herren alt det som kjem fyrst frå morsliv og er han av slaget, men eg løyser kvart sveinbarn i ætti mi som er frumbore.