Andre Mosebok 6:1
Då sagde Herren til Moses: «No skal du sjå, kva eg vil gjera med Farao: Ei sterk hand skal nøyda honom til å sleppa deim, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva deim ut or landet sitt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Og Gud tala endå meir til Moses, og sagde med honom: «Eg er Herren.
Cross References
Exodus 3:20So vil eg då lyfta handi mi, og slå egyptarane med alle underi mine, som eg vil gjera midt imillom deim, og då skal dei sleppa dykk.
Exodus 12:31Og Farao sende bod etter Moses og Aron midt på natti og sagde: «Nøyt dykk og far ut or riket mitt, både de og Israels-folket, og gakk av og haldt høgtid for Herren, som de hev tala um!
Exodus 12:39Av deigen dei hadde med seg frå Egyptarland, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptarland og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller.
Exodus 13:9Og det skal vera som det var rita i handi di, og som det stod skrive framfor augo dine, so Herrens lov kann vera på munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.
Exodus 13:16Og det skal vera som det var rita i handi di og skrive millom augo dine at Herren med si sterke hand leidde oss ut or Egyptarland.»»
Numbers 11:23Då sagde Herren til Moses: «Rekk ikkje Herrens arm so langt som han vil? No skal du få sjå um det ikkje gjeng som eg hev sagt.»