Andre Mosebok 6:12
Og Moses svara og tok so til ords, der han stod fram for augo åt Herren: «Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som er so valen på munnen!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:13Då sagde Moses til Gud: «Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer med deim: «Fedreguden dykkar hev sendt meg til dykk,» og dei so spør: «Kva er namnet hans?» kva skal eg då svara deim?»
Exodus 4:10Men Moses sagde til Herren: «Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt, og eg er taugmælt.»
Exodus 5:19Arbeidsformennerne vart ille ved, då dei fekk høyra dei ordi: «De fær ikkje noko avslag på mursteinen dykkar, fullt dagsverk til kvar dag!»
Exodus 6:30Og Moses svara, der han stod for Guds augo: «Du veit eg er munnvalen; er det då ventande at Farao vil høyra på meg?»
Deuteronomy 30:6Og han skal gjeva deg og ætti di ein ny og skir hug, so du elskar Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile di sjæl, og då skal du få liva.
Jeremiah 1:6Men eg sagde: «Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala, for eg er so ung.»