Andre Mosebok 6:29
då tok Herren soleis til ords: «Eg er Herren! Seg no med Farao, egyptarkongen, alt det eg segjer til deg!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
28Og det gjekk so til at den gongen Herren tala til Moses i Egyptarlandet,
Cross References
Exodus 6:6Seg no med Israels-borni: «Eg er Herren; eg vil taka av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;
Exodus 6:11«Gakk fram for Farao, egyptarkongen, og seg med honom, at han skal lata Israels-borni fara ut or landet sitt!»
Jeremiah 1:7Då sagde Herren med meg: Seg ikkje: «Eg er so ung,» men til alle som eg sender deg til, skal du ganga, og alt det eg byd deg, skal du tala.
Jeremiah 23:28Den profet som hev ein draum, han kann fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren.
Ezekiel 2:6Og du, menneskjeson! Ikkje ottast deim! og ordi deira ottast du ikkje! For tistlar og klunger er hjå deg, og med skorpionar bur du. For ordi deira ottast du ikkje, og for deira åsyn vere du ikkje forfærd! For ei tråssug ætt er dei.
Ezekiel 3:11Og gakk av stad til dei burtførde, til ditt folks born, og tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren - anten dei vil lyda på eller ei.»