Andre Mosebok 6:6
Seg no med Israels-borni: «Eg er Herren; eg vil taka av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:17Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.»
Exodus 6:8Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg, Herren.»»
Exodus 7:4Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland med harde refsingar, og føra herarne mine, folket mitt eige, Israels-borni, ut or Egyptarlandet.
Exodus 13:16Og det skal vera som det var rita i handi di og skrive millom augo dine at Herren med si sterke hand leidde oss ut or Egyptarland.»»
Exodus 32:11Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sagde: «Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev henta ut or Egyptarlandet med di store magt og di sterke hand?»
Deuteronomy 4:34eller um nokon gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plågor og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslor, soleis som du såg Herren, din Gud, gjorde med dykk i Egyptarland.