Andre Mosebok 7:20
Og Moses og Aron gjorde som Herren sagde: Aron lyfte staven, og slo i elvevatnet, so dei såg på det både Farao og mennerne hans, og alt vatnet i elvi vart blod.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 4:9«men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod, med det same det kjem på marki.»
Exodus 7:10So gjekk Moses og Aron fram for Farao, og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og mennerne hans, og staven vart til ein diger orm.
Exodus 17:5Og Herren sagde til Moses: «Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!
Numbers 20:8«Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg. Lat det koma vatn utor berget for deim, og gjev deim og feet deira drikka!»
Psalms 105:29Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar.
Revelation 8:8Og den andre engelen bles. Og det vart liksom eit stort fjell, brennande i eld, kasta i havet; og tridjeparten av havet vart til blod.