Ezekiel 1:24
Og eg høyrde ljomen av vengjerne deira, som ljomen av store vatn, som røysti åt den Allmegtige, når dei gjekk, ein ljomande gny som gnyen frå eit herlæger. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 7:6Herren hadde late syrarlægret høyra ljod av vogner og hestar og ein stor her. Dei hadde sagt med kvarandre: «Å, Israels-kongen hev leigt hetitarkongarne og egyptarkongarne til å taka på oss!»
Job 37:4So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let.
Psalms 29:3Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatn.
Ezekiel 3:13likeins ljomen av dei fire livende, når vengjerne deira møttest, og ljomen av hjuli attmed deim, ein dynjande sterk ljom.
Ezekiel 43:2Og sjå, herlegdomen åt Israels Gud kom austan-ifrå, og ljomen av honom var som ljomen av store vatn, og jordi skein av herlegdomen hans.
Revelation 1:15og føterne hans var liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.