Ezekiel 14:21
For so segjer Herren, Herren: Enn når eg då sender dei fire øgjelege straffedomarne mine: sverd og svolt og udyr og sott yver Jerusalem til å rydja ut or det både folk og fe!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 51:19Tvo ting var det som hendest deg - kven ynkar deg? - vald og våde, svolt og sverd - kven trøystar deg?
Ezekiel 5:12Tridjeparten av deg skal døy av sott og verta tynt av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt kringum deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar, og sverd vil eg draga ut etter deim.
Ezekiel 5:17Eg vil senda yver dykk hunger og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg. Eg Herren, hev tala.
Ezekiel 14:13Menneskjeson! Når eit land syndar mot meg og fer med svik, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brødstaven for det og sender svolt i det og ryd ut or det folk og fe,
Ezekiel 14:17Eller um eg let sverd koma yver det landet og sagde: «Sverd skal fara gjenom landet,» og eg rudde ut or det folk og fe,
Ezekiel 33:27So skal du segja med deim: So segjer Herren, Herren: So sant som eg liver, skal dei som bur millom røysarne falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt udyri, og dei som held på knausar og i hellerar, skal døy av sott.