Ezekiel 15:6
Difor, so segjer Herren, Herren: Likeins som med veden av vintreet millom trei i skogen, som eg nører elden med, soleis gjer eg og med Jerusalems-buarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 5:1Eg vil syngja um min ven, songen åt min ven um hans vinhage, min ven hadde ein vinhage på ein grøderik haug.
Isaiah 5:25Difor hev Herrens vreide loga upp imot folket hans, og han retter handi ut imot det og slær det, so fjelli skjelv, og lik ligg som sorp og saur på gatorne. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg; og endå retter han ut handi.
Jeremiah 4:7Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der.
Jeremiah 21:7Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.
Jeremiah 44:21«Den offer-røykjingi som de hev gjort i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, de og federne dykkar og kongarne dykkar og hovdingarne dykkar og landslyden - skulde Herren ikkje minnast henne og koma henne i hug?