Ezekiel 16:27
Og sjå, eg rette ut mi hand og minka på det eg hadde etla åt deg, og eg let deim som hata deg fara åt med deg som dei vilde, filistardøtterne, som blygdest yver di skjemdaråtferd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:48so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarnok skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.
2 Chronicles 28:18Og filistarane fall inn i byarne i låglandet og i Sudlandet i Juda og tok Bet-Semes og Ajjalon og Gederot og Soko og bygderne kringum og Timna og bygderne kringum og Gimzo og bygderne kringum, og dei busette seg der.
Isaiah 3:1For sjå Herren, Allhers-Herren, skal taka burt frå Jerusalem og Juda kvar studnad og stav, kvar studnad av mat, og kvar studnad av vatn,
Isaiah 9:12syrarane frå den eine sida og filistarane frå den andre, og dei skal eta upp Israel med gløypande gap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
Jeremiah 34:21Og Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans gjev eg i henderne på deira fiendar og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og i henderne på Babel-kongens her, som no er faren burt frå dykk.
Ezekiel 14:9Og når profeten let seg lokka og talar eit ord, so hev eg, Herren, lokka den profeten, og eg vil retta ut handi mi mot honom og øyda honom ut or mitt folk Israel.