Ezekiel 16:47
Fulla gjekk du ikkje på deira vegar og gjorde ikkje styggjor som dei; men berre eit lite bil - so for du verre åt enn dei på alle dine vegar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 21:9Men dei lydde ikkje. Manasse forførde deim, so dei stelte seg verre enn dei folki Herren hadde øydt ut for Israels-borni.
Ezekiel 5:6Men det hev sett seg upp mot mine lover, so det vart ugudlegare enn folki, og mot mine bodord, so dei vart verre enn landi rundt ikring; for mine lover vanvyrde dei, og i mine bodord ferdast dei ikkje.
Ezekiel 8:17Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera dei styggjor dei her hev gjort, men måtte fylla landet med vald og atter harma meg upp? Og sjå kor dei no held kvisten upp for nosi!
Ezekiel 16:51Og Samaria hev ikkje synda halvt so mykje som du, og du hev gjort dine styggjor fleire enn deira, so du gjorde systerne dine rettferdige med alle styggjor som du for med.
1 Corinthians 5:1Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor, som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningarne, at ein held seg med kona åt far sin.