Ezekiel 16:52
Ber då du og di skam, du som hev dømt dine syster orsakande; i dine synder hev du vore skamlausare enn dei, og soleis vart dei rettferdigare enn du. So skulde du blygjast, du og, og bera di skam, med di du gjer systerne dine rettferdige.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 38:26Og Juda kjendest med det, og sagde: «Ho er i sin gode rett imot meg; for eg let henne ikkje få Sela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.
1 Kings 2:32Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar.
Jeremiah 31:19For sidan eg vende meg burt, angrar eg, og sidan eg vitrast, slær eg meg på lendi. Eg blygjest, ja, eg skjemmest, for eg lyt bera skammi frå ungdomstidi mi.»
Ezekiel 16:54for at du skal bera di skam og skjemmast av alt det du hev gjort med di du trøystar deim.
Ezekiel 16:63for at du skal minnast og blygjast og ikkje lata upp munnen din berre for blygsl, når eg tilgjev deg alt det du hev gjort, segjer Herren, Herren.
Ezekiel 36:15Og aldri meir let eg deg høyra skjemsla frå folki, og vanvyrdnad frå folkeslagi skal du aldri meir turva tola, og folki dine skal du aldri meir få til å snåva, segjer Herren, Herren.