Ezekiel 17:23
På Israels høge fjell vil eg planta honom, og han skal få greiner og bera frukt og verta eit gildt cedertre. Og alle fuglar, alt fljugande, skal bu under det, i skuggen av greinerne på det skal dei bu.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 22:27Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
Psalms 92:12Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.
Isaiah 11:6Då skal ulven bu saman med lambet, og panteren liggja i lag med kidlingen; og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta deim.
Isaiah 49:18Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg hit til deg. So sant eg liver, segjer Herren, du skal hava deim alle på deg til prydnad og binda deim um deg til brurebelte.
Ezekiel 20:40For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, segjer Herren, Herren, der skal de tena meg, all Israels lyd, alle som i landet er. Der vil eg hava hugnad i deim, og der vil eg spyrja etter offergåvorne dykkar og etter fyrstegrøda som de kjem med av alt det de helgar.
Daniel 4:8Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis: