Ezekiel 18:4
Sjå, alle sjælerne er mine, både sjæli åt faren og sjæli åt sonen; mine er dei; den sjæl som syndar, ho skal døy.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, de skal ikkje få bruka dette ordtøket meir i Israel.
5Og når ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd:
Cross References
Numbers 27:16«Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,
Job 8:4Hev dine søner synda mot han, gav han deim deira synd i vald.
Isaiah 57:16For eg trættar ikkje til æveleg tid, og er ikkje stødt og stendigt harm, for då laut åndi ormegtast for meg, dei sjæler som eg hev skapt.
Ezekiel 18:20Den sjæli som syndar, ho skal døy. Son skal ikkje bera syndeskuldi åt far sin, og far skal ikkje bera syndeskuldi åt son sin. Yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den gudlause skal hans gudløysa vera.
Zechariah 12:1Ei framsegn, Herrens ord um Israel. So segjer Herren som spana ut himmelen, grunnfeste jordi og skaper ånd i mannebarm:
Galatians 3:10For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»