Ezekiel 19:9
Og dei sette honom i bur, med naseringar på, og førde honom til kongen i Babel. So sette dei honom i tjukkmura borger, for at ein aldri meir skulde høyra hans røyst burtpå Israelsfjelli.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 24:15Han førde Jojakin burt til Babel; og kongsmori og kongskonorne og hirdmennerne hans og storfolket i landet førde han fangar frå Jerusalem til Babel;
Jeremiah 22:17Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinningi di og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.
Jeremiah 36:30Difor, so segjer Herren um Jojakim, Juda-kongen: Han skal ingen hava som kann sitja på Davids kongsstol, og liket hans skal liggja utkasta i hiten um dagen og i kulden um natti.
Ezekiel 19:7Og han skjemde enkjorne deira, og han lagde deira byar øyde. Og landet med alt som var i det tok fæla av buringi hans.
Ezekiel 36:1Og du menneskjeson! Spå um Israelsfjelli! Og du skal segja: Det Israelsfjell, høyr Herrens ord!