Ezekiel 20:28
For eg førde deim inn i landet som eg med upprett hand hadde lova deim; men fyrst dei såg ein høg haug eller eit lauva tre, so ofra dei der sine slagtoffer, og der bar dei fram gåvor til å harmast av, og dit kom dei med godangen sin, og der rende dei ut sine drykkoffer.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 26:3Hald til i dette landet! Eg skal vera med deg og velsigna deg; for deg og ætti di vil eg gjeva alle desse landi; eg vil halda den eiden eg svor Abraham, far din.
Joshua 23:3og de hev sjølve set alt det Herren hev gjort med alle dei folki som laut røma for dykk; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk.
2 Kings 17:9Ja, Israels-borni gjorde mangt uhøvelegt mot Herren, sin Gud; dei bygde seg offerhaugar i alle byarne sine, frå det minste vakttårn til fastaste borgi;
2 Kings 17:12Dei tente steingudarne, det som Herren hadde sagt dei ikkje måtte gjera.
Psalms 78:55Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld.
Psalms 105:8Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,