Ezekiel 24:25
Og du, menneskjeson! Skal det ikkje henda den dagen når eg tek frå deim deira trygd, deira herlege frygd, det som deira augo hadde hugnad i og deira sjæl trådde etter, deira søner og døtter,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
26at den dagen skal dei som slepp undan koma til deg og gjera det kunnigt, so folk høyrer på?
Cross References
Psalms 48:2Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.
Psalms 122:1Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.»
Jeremiah 11:22- difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil heimsøkja deim dei unge menner skal falla for sverd, deira søner og døtter skal døy av svolt.
Ezekiel 24:21Seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vanhelgar min heilagdom, som de lit på i ovmod, som dykkar augo hev hugnad i, og dykkar sjæl trår etter. Og dykkar søner og døtter, som de hev leivt etter dykk, skal falla for sverd.