Ezekiel 26:12
Og dei skal rana din rikdom og gjera dine varor til herfang og brjota ned dine murar, og dine hugnadlege hus skal dei riva ned. Og steinarne dine og treverket ditt og dusti etter deg skal dei kasta beint på sjøen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Og ljoden av songarane dine let eg tagna, og ljomen av cithrarne dine skal ein aldri meir høyra.
Cross References
2 Chronicles 36:10Ved årsskiftet sende kong Nebukadnessar folk og førde honom til Babel saman med dei dyraste kjeraldi ifrå Herrens hus; og han gjorde Sidkia, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem.
Isaiah 23:11Han rette ut handi si yver havet, han fekk kongeriki til å skjelva. Herren baud at borgerne i Kana’ans-landet skulde øydeleggjast.
Isaiah 32:12Dei slær seg for bringa yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet,
Ezekiel 26:5Ein stad til å greida garn på skal det verta der uti havet, for eg hev tala, segjer Herren, Herren. Og det skal verta til herfang åt folki.
Ezekiel 28:8I gravi skal dei støypa deg ned, og du skal døy ihelslegen manns daude midt uti havet.
Hosea 13:15For han, millom brørne sine stend han lavande av frukt; det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki. Då turkar brunnen hans upp, og kjelda hans tryt. Han ranar skatten, alle slag kostnadting.