Ezekiel 26:20
då støyper eg deg ned med deim som i gravi fer ned, til folket frå fordom, og let deg bu i nedheimen, i audner frå æva, med deim som fer ned i gravi, so ingen skal bu i deg; men eg vil gjeva pryda i landet åt dei livande.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 16:30men dersom Herren let henda noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt, og gløyper deim og alt som deira er, so dei fer livande ned i helheimen, so veit de at desse mennerne hev spotta Herren.»
Job 30:3Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni,
Psalms 28:1Av David. @Til deg, Herre, ropar eg: mitt berg, ver ikkje tagall imot meg, so eg ikkje, når du tegjer til meg, skal verta lik deim som fer ned i gravi!
Isaiah 4:5Og yver alt Sions-fjell og møtelydarne der skal Herren skapa ei sky og ein røyk um dagen og skinet av ein logande eld um natti; for yver all herlegdomen skal det vera ein kvelv.
Isaiah 59:10Me trivlar som blinde langs vegen, me trivlar som folk utan augo; midt på dagen me snåvar som i skumingi, millom friske er me som døyande.
Ezekiel 28:25So segjer Herren, Herren: Når eg samlar Israels-lyden ifrå folki der som dei er spreidde, då vil eg helga meg på deim framfor augo på folkeslag, og dei skal bu i sitt land som eg gav min tenar Jakob.