Ezekiel 28:5
med din store klokskap i handel hev du auka rikdomen din, og ditt hjarta ovmoda seg av din rikdom -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4med din visdom og ditt vit hev du vunne deg rikdom og samla gull og sylv i dine skattkammer;
6difor, so segjer Herren, Herren: Av di du sette ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta,
Cross References
Deuteronomy 8:13og buskapen din økslar seg, både stort og smått, og sylv- og gullhaugen veks, og all din eigedom aukar,
2 Kings 14:10Visst hev du vunne på edomitarne, og dermed vert du kaut i hugen. Men njot no æra di og sit heime! Kvifor vil du leika med ulukka, til fall for deg sjølv og for folket ditt.
2 Chronicles 32:23Og mange førde gåvor til Herren, til Jerusalem, og dyre gåvor til Juda-kongen Hizkia, og han vart høgvyrd hjå alle folki etter dette.
Psalms 52:7So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg upp frå tjeldet og rydja deg ut or livsens land. Sela.
Psalms 62:11Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!
Proverbs 26:12Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for honom.