Ezekiel 3:20
Og når ein rettferdig vender seg frå si rettferd og gjer urett, so vil eg leggja støyt framfor hans åsyn; - han skal døy. Um du ikkje hev vara honom åt, skal han døy i si synd, og den rettferdi som han gjorde, skal ikkje verta ansa, men hans blod vil eg krevja av di hand.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 19:2Men då gjekk sjåaren Jehu Hananison ut imot honom og sagde til kong Josafat: «Skal ein hjelpa den gudlause, og elskar du deim som hatar Herren? For dette kviler det vreide på deg ifrå Herren.
2 Chronicles 24:17Då no Jojada var avliden, kom hovdingarne i Juda og kasta seg ned for kongen; og kongen høyrde viljugt på deim.
Psalms 36:3For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom.
Psalms 125:5Men deim som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara med illgjerningsmenner. Fred vere yver Israel!
Isaiah 8:14Han skal verta ein heilagdom og ein støytestein og ein bergstabbe til fall for båe Israels hus, ei snare og ei gildra for Jerusalems-buarne.