Ezekiel 3:27
Men når eg talar med deg, vil eg opna munnen din; då skal du segja til deim: So segjer Herren, Herren: Den som vil lyda på, han lyde, og den som ikkje vil gjeva gaum, han late vera! For ei tråssug ætt er dei.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezekiel 2:4Og til borni med dei harde andliti og stive hjarto - eg sender deg til deim. Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, Herren.»
Ezekiel 3:9Som demant, hardare enn stein, gjer eg di panna. Du skal ikkje ottast deim og ikkje vera forfærd framfor deira åsyn, for ei tråssug ætt er dei.»
Ezekiel 3:26Og tunga di let eg hanga fast ved gomerne dine, so du vert mållaus og ikkje vert deim ein refsingsmann. For ei tråssug ætt er dei.
Ezekiel 12:2Menneskjeson! Midt ibland den tråssuge ætti bur du, millom slike som hev augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei tråssug ætt er dei.
Ezekiel 29:21Den same dagen vil eg lata eit horn veksa upp åt Israels-lyden; og du skal få lata upp din munn midt ibland deim, og dei skal sanna at eg er Herren.
Ezekiel 33:32Og sjå, du er som eit elskhugskvæde åt deim, som ein songar med vænt mål og ljuvlegt spel. Og dei lyder på ordi dine, men gjer ikkje etter deim.