Ezekiel 30:18
I Tehafnehes skal dagen myrkna når eg der bryt sund egyptaroket, og ovmodet og magti skal endast. Sjølv vert det sveipt i skyer, og døtterne lyt fara i utlægd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
17Dei unge menner i Aven og Pibeset skal falla for sverd, og sjølve skal dei fara i utlægd.
19Og eg vil halda dom yver Egyptarland, og dei skal sanna at eg er Herren.
Cross References
Leviticus 26:13Eg er dykkar Gud, eg, Herren, som henta dykk ut or Egyptarlandet, der som de træla for andre; eg braut sund stengern’ i oket, so de kunde ganga rake.
Isaiah 9:4For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midjans-dagen.
Isaiah 10:27PÅ den dag skal byrdi hans falla av herdarne dine og oket hans av halsen din, oket skal brotna for ditt aukande hold.
Isaiah 14:11Ned til helheimen hev din herlegdom sokke med brusen frå dine harpor; du ligg på ei roti lega, hev makkar til yverbreidsla.
Isaiah 19:1Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudarne i Egyptarland for honom, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet deira.
Jeremiah 43:7og for til Egyptarland, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst. Og dei for til Tahpanhes.