Ezekiel 34:14
I ei god gjætslemark vil eg gjæta deim, og i Israels høge fjell skal deira hamning vera. Der skal dei roa seg i ei god hamning og ganga i feit beitemark i Israelsfjelli.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Eg sjølv vil gjæta sauerne mine, og eg vil få deim til å roa seg, segjer Herren, Herren.
Cross References
Psalms 23:1Ein salme av David. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.
Psalms 31:8Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjælenaud.
Isaiah 30:23Då skal han gjeva regn for ditt sæde, som du sår i jordi, og brød av grøda på jordi, og det skal vera både kraftigt og saftigt; den dagen skal bufeet ditt beita på ei vid eng.
Jeremiah 31:12Og dei skal koma og fagna seg på Sionshøgdi, og dei skal strøyma til dei gode ting frå Herren, til korn og til druvesaft og til olje, til unge sauer og naut. Og sjæli deira skal vera lik ein vatsrik hage, og dei skal ikkje ormegtast lenger.
Jeremiah 31:25For eg vil kveikja den utmødde sjæl, og alle ormegta sjæler vil eg metta.
Ezekiel 34:27Og trei på marki skal gjeva si frukt, og jordi skal gjeva si grøda, og dei skal hava det trygt i landet sitt. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengerne i oket deira, og frelsar deim frå deira hender som trælka deim.