Ezekiel 38:22
Og eg vil halda dom yver honom med sott og med blod. Og hyljande regn og haglande steinar, eld og svåvel vil eg lata regna yver honom og yver hans herskarar og yver dei mange folkeslag som er med honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 19:24Då let Herren det regna svåvel og eld, frå Herren, frå himmelen, nedyver Sodoma og Gomorra,
Joshua 10:11Som dei no rømde for israelitarne og rett no var komne burt i Bet-Horonkleivi, sende Herren store steinar nedyver deim frå himmelen, so dei stupte daude burtetter heile vegen til Azeka; det var fleire som sette til av haglsteinarne enn som Israels-sønerne felte med sverdet.
Psalms 18:12Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer.
Isaiah 28:17Eg gjer rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt.
Isaiah 30:30Og Herren skal lata si velduge røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i vreid harm og øydande eldsloge, støytregn og sturtregn og hagl.
Jeremiah 25:31Det omar av ein dyn alt til enden av jordi, for Herren hev ei trætta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.