Ezekiel 39:23
Og folkeslagi skal skyna at det var for sine misgjerningar Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg laut løyna mi åsyn for deim og gjeva deim i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22Og Israels-lyden skal sanna at eg er Herren, deira Gud, frå den dagen og framleides.
24Etter deira ureinskap og misgjerningar for eg fram imot deim og løynde mi åsyn for deim.
Cross References
Deuteronomy 31:17Den dagen skal harmen min loga upp; eg skal venda meg frå deim, og løyna andlitet mitt for deim; dei skal tynast burt, og koma i stor naud og ulukka. Då skal dei segja: «Det er visst av di vår Gud ikkje er hjå oss, at desse ulukkorne kjem yver oss.»
Deuteronomy 32:20og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
Judges 2:14Då vart Herren brennande harm på Israel, og gav deim i henderne på røvarar, som herja deim; han slepte deim i henderne på uvenerne deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendarne.
2 Chronicles 7:21Og yver dette huset, som var so høgreist, skal alle verta forfærde som gjeng framum det, når dei segjer: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
Psalms 10:1Herre, kvi stend du so langt undan, held deg løynd dei tider me er i trengd?
Psalms 106:41Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim,