Ezekiel 39:7
Og mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt midt ibland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga, og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Og eg vil senda eld på Magog og på dei som bur trygt i øylandi. Og dei skal sanna at eg er Herren.
8Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren; det er dagen som eg hev tala um.
Cross References
Exodus 20:7Du skal ikkje nemna namnet åt Herren, din Gud, utan age! For Herren held ikkje den uskuldig som brukar namnet hans vyrdlaust.
Isaiah 12:6Ropa av frygd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!»
Isaiah 43:14So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld eg utbod mot Babel og alle saman driv eg på flukt, kaldæarane på sine lystskip.
Isaiah 60:9For øyland ventar på meg, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med deim, for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, for han vil gjera deg herleg.
Ezekiel 20:9Og eg gjorde det for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som dei budde ibland, og som såg på at eg let deim verta kjende med meg og vilde føra deim ut or Egyptarland.
Ezekiel 20:39Og du, Israels-lyd! So segjer Herren, Herren: Berre gakk, kvar ein av dykk, og ten dykkar ufysne avgudar! Men sidan skal de, sant og visst, høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med gåvorne dykkar og med dei ufysne avgudarne dykkar.